Cirrus - på Den musikalske stamvegen

Arrangementsinformasjon
Default cirrus smile til web

Franske chansons, intim kammermusikk og eksperimentell populærmusikk er noko av det vi får høyre når Cirrus går på scena i Skredehagen 26. april. Og ikkje minst får vi høyre ei særs vakker stemme som meistrar det meste. Det kan vi love fordi Eva Bjerga Haugen har vore her før (saman med Espen Eriksen trio våren 2012), og vi som var til stades på den konserten blei verkeleg trollbundne av stemma hennar. 

Cirrus ga i fjor ut albumet «Méli Mélo» (NOR-­CD), som Roald Helgheim i Dagsavisen utropte til eit av dei absolutte høgdepunkta det året. Plata har òg fått svært god mottaking internasjonalt. Sidan starten i 2009 har bandet dyrka fram eit eigenarta uttrykk som er prega av klokkerein vokal, fine tekstar, suggererande samspel og finurlege arrangement. Dette er nært, lågmælt, intimt, tilgjengeleg og ikkje minst vakkert, men òg heftig: Til tider spelar dei i forrykande tempo og musikarane gnistrar av energi. Cirrus er helt fritt for effektar og elektronikk.

Eva Bjerga Haugen – vokal
Inge Weatherhead Breistein – saksofonar
Theodor Barsnes Onarheim – kontrabass
Stein Inge Brækhus – trommer

Den musikalske stamvegen
 er Vestnorsk jazzsenter sitt regionale turnéprogram. Sidan prøvesesongen 2008/2009 er det produsert meir enn 130 konsertar som er framført på om lag 40 ulike scener i regionen. Meir enn 110 profesjonelle utøvarar, hovudsakleg frå Vestlandet, har vore med.

jazz
chanson
vokal
saksofon
kontrabass
bass
trommer
energi
intimt
nært
fransk
cirrus
kammerjazz
eksperimentell
høgdepunkt
vakkert

Ansvarsfraskrivelse

Vi kan dessverre ikkje refundere kjøpte billettar.