Jazz på Jølst 2017

Arrangementsinformasjon
Default file 1498218816

Jazz på Jølst vert arrangert for åttande gong torsdag 12.oktober til søndag 15.oktober. Set av datoane med det same. Årets artistar: Bendik Hofseth, Vargtime med Gunnar Staalesen, Never on a Sunday med Ragnhild Furebotten, Monk i 100 med Knut Kristiansen, Significant time, Meg og kammeraten min og Immature Avocados, som er elevar frå Firda vidaregåande skule. 

BILLETTAR

Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år. 

Barnejazz: vaksne/barn.


* JAZZPASS

Gjeld alle konsertane unnateke "Tjuvstart". Pris: 800/600/400.

Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, elles i døra.

 

** ASTRUP-RUNDTUR

For dei som vil ha litt avveksling i løpet av helga, tilbyr Jølster jazzklubb også i år ein rundtur i kunstnaren Nikolai Astrup sitt rike, med besøk til stadane som var viktige i livet hans: Ålhus, Sunde, Myklebust og Sandalstrand. Turen går med bil/buss frå Thon Hotel Jølster laurdag kl. 10.30 og er tilbake ca. kl. 13.00. 


MAT/OVERNATTING  

Thon Hotel Jølster, Skei, har gode tilbod på overnatting og ein spesiell buffé denne helga. For rombestilling: www.thonhotels.no/jolster